Din personlege lagspelar!

Eg heiter Anniken, og eg brenn for å løfte kvinner som deg til å finne ditt fulle potensial, vekse med meistring og skape ein indre ro som gir deg styrke – både i livet og i karrieren.

Som coach er eg her for å vere din støttespelar og sparringpartnar. Ein som hjelper deg med å få oversikt, fjerne blokkeringar og ta grep som fører deg nærare måla dine og det livet du ønskjer deg.

Er du klar til å ta det neste steget? Ta kontakt med meg i dag for ein gratis veiledningssamtale! Vi kartlegg kor du er, kor du vil, og legg ein plan for dei neste stega på vegen mot draumane dine.

Sei gjerne hei til hei@annikenengland.no eller send meg ein sms på 47488182.

Din tid er inne - send meg ein mail så setter vi ei tid for ein veiledningssamtale.

Dette kan du forvente:

Målet med coaching er å hjelpe deg med å oppnå klarheit i kva du verkeleg vil, og å gi deg verktøya du treng for å oppnå ein tilværelse som støttar dine draumar og mål.

Gjennom livet blir vi påverka av ulike "sanningar" som ofte er begrensande for oss. Desse hindrar deg i å oppleve flyten og krafta som faktisk bur i deg. Men, det treng ikkje vere slik – med effektive, velprøvde og målretta teknikkar kan vi gjere noko med dette.

Her er korleis prosessen kan sjå ut:

  1. Kartleggingssamtale:
    Ein veiledningssamtale på 30–60 minutt der vi ser på kor du er no, kvar du vil, og korleis vi kan lage ein konkret plan for å nå måla dine.

  2. Ein personleg plan:
    Basert på samtala set vi opp ein skreddarsydd plan med regelmessig oppfølging over ein avtalt periode, slik at du får støtta du treng undervegs.

  3. Praktiske løysingar og utvikling:
    I samtalene våre går vi i djupna på det som opptar deg. Vi identifiserer årsakene til utfordringane og finn konkrete løysingar. Det kan inkludere å fjerne blokkeringar, lære nye tankesett, eller jobbe med praktiske oppgåver mellom samtalene.

Gjennom prosessen reduserer du avstanden mellom kor du er no og kor du ønskjer å vere. Du får dei verktøya som manglar, og bygger eit solid grunnlag for å skape det livet du vil ha.

Det krev at du prioriterer deg sjølv, at du er villig til å vere ærleg, og at du tør å jobbe med dei ubevisste tankene som har holdt deg tilbake.

Mvh. Anniken

Book din samtale her