– men krev alt av deg
Du jobbar mykje.
Likevel er du usikker på kva som faktisk tek deg framover.
Økonomien kjennest stressande.
Du gjer det meste sjølv.
Og fridomen du starta for, har sakte blitt bytta ut med eit hamsterhjul.
Du kjenner at noko må endrast.
Du berre veit ikkje heilt kvar du skal starte.
Det treng ikkje vere så tungt.
Ein time. Tre konkrete verktøy. Klarare retning.
I dette gratis webinaret får du tre enkle, men kraftfulle verktøy som gir deg:
Økonomi: Få oversikt, finn unødige kostnader og skap meir ro, overskudd og profitt.
Sal: Sjå kva som gir inntekt, og korleis du kan gjere meir av det.
Retning: Set ein tydeleg kurs for bedrifta – og livet du vil leve.
Vi viser deg korleis du kan gå frå å halde i alt sjølv –
til å bygge ei berekraftig bedrift som støttar både deg, økonomien og livet du ønskjer å leve.
Det blir ikkje meir å gjere,
det blir mindre og meir presist.
driv eiga bedrift og vil ha meir ro og retning
er lei av å kjenne at alt kviler på deg
ønskjer å vekse – utan å miste deg sjølv på vegen
🗓 Tirsdag 24.mars kl. 10.00–11.00
📍 Digitalt og gratis
👉 Meld deg på under og sikre deg plassen din.
Mange kvinner som driv eiga bedrift eller har ei leiarrolle, opplever at bedrifta fungerer –
men krev meir og meir av dei som person.
Dagane er fulle av ansvar og avgjerder.
Mykje blir gjort – men utan ei tydeleg retning å styre etter.
Økonomien kan sjå grei ut på papiret,
men kjennest likevel utrygg i kvardagen.
Og under alt ligg ofte ei indre uro:
tvil på eigne val
kjensla av å alltid måtte vere «på»
frykta for at alt stoppar opp om du tek eit steg tilbake
Dette webinaret er ein stad for å stoppe opp, få oversikt – og sjå samanhengane.
I løpet av éin time deler vi tre konkrete verktøy som gir deg:
Økonomi: Få oversikt, finn unødige kostnader og skap meir ro, overskudd og profitt.
Sal: Sjå kva som gir inntekt, og korleis du kan gjere meir av det.
Retning: Set ein tydeleg kurs for bedrifta – og livet du vil leve.
Målet er ikkje å jobbe meir.
Målet er å jobbe meir medvite – å endelig leve drøymen.
Vi gleder oss til å ha deg med.
🗓 Tirsdag 24.mars kl. 10.00–11.00
📍 Digitalt og gratis
👉 Meld deg på under og sikre deg plassen din.
Coach for kvinner som vil meir - daglig leiar - siviløkonom
I snart ti år har eg bygd og leia verksemder – og kjent på kroppen korleis det er når bedrifta fungerer, men krev meir og meir av deg som menneske.
I dag jobbar eg med kvinner som vil vekse – utan å miste seg sjølv på vegen. Eg kombinerer erfaring frå leiarskap, økonomi og coaching for å skape klarheit, struktur og ei retning som faktisk er mogleg å stå i.
Eg trur ikkje på raske løysingar, men på medvitne val, trygge rammer og eit leiarskap som rommar både styrke og sårbarheit.
Strateg innan merkevarebygging, sal, brukaropplevingar og leiarskap
I over 20 år har eg bygd og drive team, leiing og sal frå innsida – og sett det same mønsteret igjen og igjen: vekst stoppar sjeldan på strategi, men på fundamentet bedrifta står på.
Eg jobbar med det mange hoppar over: å få fundamentet på plass før ein jagar vekst.
Det hjelper ikkje å sende fleire menneske inn i ein struktur som ikkje held. Utan menneskeleg forankring finst det verken sal, pengar eller berekraftig bedrift.
Eg trur på tydeleg leiarskap, sterke relasjonar og team som faktisk fungerer i kvardagen. Bedrifter som gløymer dette, jobbar hardare enn dei treng – og tener mindre enn dei kunne.